søndag 21. oktober 2012

Terrengritt i Bømoen - vått, villt og vakkert!

Laurdag 20.10 arrangerte Vossevangen CK eit uformelt test-terrengritt i Bømoen. Ti hardhausar trødde det dei klarde, dei fleste i fire harde rundar. Bjarte Vethe stakk av med sigeren med Nikolai Hanevik hakk i hel. Dag Christensen var løypeansvarleg, Anton Hanevik tidakar og Egil Lidsheim og Odd Inge Jordalen løypevakter.

tirsdag 16. oktober 2012

Uformelt terrengritt laurdag 20.10 kl. 15 i Bømoen

På laurdag 20.10 kl. 15:00 arrangerer Vossevangen CK eit uformelt terrengritt i Bømoen. Start og mål på apellplassen (inne ved leiren). Me har ein klasse for dei som vil sykla 4 rundar hals øve hovud (les: hovud under armen) og ein for dei som vil sykla 3 rundar og koma heilskinna til mål. Estimert løpstid er 45-60 minutt. Dag og Anton organiserer start, målgang og tidtaking. Les meir om traseen her. Møt opp! Ta med ein ven!

onsdag 10. oktober 2012

Trening hjå Nr. 1 Fitness Voss

Fyrste fellestrening vert tysdag 16.10: styrke kl. 1730-1830 og spinning kl. 1830-20.

Vossevangen CK har avtala fylgjande med Voss sitt nye treningssenter Nr1 fitness. Prisar: 6 mnd kort til kr 399,- pr.mnd = kr.2394,- og 12 mnd kort til kr. 349,- pr.mnd = kr.4188,-. Då har me tilgang til "alle fasilitetar" og salaktivitetar. Me har ein fast spinningdag i veka med våre eigne innstruktørar kvar tysdag kl. 1830. Klubben dekker 350 kroner til alle våre medlemmer som vil delta på spinning!

Innformer og innviter gjerne vener om dette tilbudet. Dei må melda seg inn i klubben, og dei vil verta sett opp på medlemslista som me vil ha liggjande hjå Nr. 1 Fitness.