søndag 30. juli 2017

NC5-Sandefjord

Lørdag 29.juli var det klart for 5.runde i Norgescupen, Kjetil hadde tatt turen til Sandefjord for å vera med å kjempa, og som vanlig leverte han nok eit sterkt resultat.


Her er kva sykling.no skreiv om rittet:
I M Senior var det

mandag 24. juli 2017

Offroad Valdres 2017



22.juli stilte Vossevangen CK med 2 menn i lagkonkuransen i Offroad Valdres. Dette er eit knallhardt terrengritt der lag med to til tre deltakarar skal sykla 140km på sti i fjella mellom Fagernes og Vang.
Rune Herheim som også var med i 2016 hadde i år med seg Nikolai Hanevik på laget, dette enda med ein sterk 3.plass.

Sjå bilder og film frå rittet her, og resultat her.

Me har fått inn følgjande rapport frå rittet:

Foto:Offroad Valdres



Offroad Valdres 2017
 Eg og Rune sykla Offroad Valdres i helga, ein lagkonkurranse på 140 km i vakkert Valdresterreng. Etter ei natt på Scandic Fagernes der litervis av Farris og anna knask blei fortært, sto me spent klar på startstreken laurdag morgon kl 07:00.  

Dei fyrste 10 km av rittet bestod av asfalt bak ein atv, der feltet sykla samla. Masteratv’en køyrte i front til fyrste stigning, ein lang grusknekkar ala Rong, der det blei ein naturleg spedning i feltet relativt raskt. Me prøvde å finne ein fin rytme oppover dalsida utan å bruke for mykje krefter, og låg som nr. 3 då me nådde toppen og fyrste terrengparti begynte. Inn til fyrste av totalt 2 obligatoriske «pitstopp» hadde me sykla i ca. 1t og 40min og kom inn som lag nr. 3, ein plassering som me holdt heilt til mål 7 timar seinare. Fyrste pitstopp bestod av 5 min obligatorisk pause, der me fylte drikkesekkane og trykte innpå med lokalmat frå Valdres. Rune fekk begrensa tid til å nyte dei lokale delikatessene då mesteparten av tida gjekk med å olje kjeden på Cannondale’en. Etter ein grundig overhaling av sykkelen ala Herheim, måtte eg sette ned foten då han ville begynne å bone ramma etter observerte skitflekkar, og me kom oss vidare vel 4 min bak tet.

Etter 4 timer med flytstiar og mange harde knekkarar kom me omsider inn til pitstopp nr 2. Herheim var fortsatt relativ lett og fin, medan underteikna var farleg nærme den berømte hammaren. Ein solid skallebank i kombinasjon med ein generell nedsatt kroppsfunksjon sat ein dempar på humøret då me sykla ut av pitstopp 2 etter 8 min obligatorisk pause. Gav klar beskjed til Rune at no var hovudfokuset på å klare å komme seg til mål utan å få blackout, og at alle forsøk på vitsar og småprat ville bli møtt med total stillhet. Rune tok på seg rolla som motivator og lokka meg avgårde, med laget på 4. plass jagande hakk i hel. Med eit sviktande syn og mumling som minna mest om tungetale, klarte me å nå siste lange nedoverbakke ned mot mål utan å bli henta. Forfølgarane var farleg nærme ein periode, og studering av tider i ettertid viser at dei kun var 15 sek bak på det nærmaste. Men på eit magisk vis kvikna eg til, og ved hjelp av Herheims eminente navigering ned dalsida gjennom tjukk skog og på traktorvegar, klarte me å opparbeide oss ei luke på vel 1 min i botn av bakken. På dei siste 18 km inn mot mål beståande av asfalt, køyrte me eit forrykande lagtempo og rulla over målstreken i Fagernes på 3. plass.

Rittet var ein brutal prøvelse og eg var på stålet dei siste 3 timane. Men Herheimen var sterk og me kom oss til mål med helsa i behald og utan tekniske problem. Sjølv om rittet var i lengste laget for min del, var det eit veldig kjekt ritt med fantastiske flytstiar i vakre Valdres. I bilen heim konkluderte me at det hadde vore ein spektakulær tur, men begge var krystallklar på at me aldri skal melde oss på Offroad Finnmark på 700 km =)





 




Valdresrittet 15. juli 2017

Valdresrittet var i år plukka ut som fellesritt for klubben, det hadde vert plass til fleire VCKara på startstreken, men heile huslyden Rong, Rune og Nikolai hadde tatt turen til Vaset for å sykla ritt i strålande vær og i flott natur.


Sjå resultat her.


Me har fått inn følgjande rapporter frå Jørund, Nikolai og Rune:




Valdresrittet 2017 Laurdag 15.07 var det klart for kanskje det finaste terrengrittet sør for Dovre, nemleg Valdresrittet. Rittet har utgangspunkt i område rundt Vaset i Vestre Slidre kommune. Løypa ligg over skogsgrensa stort sett, i høgde mellom 800 moh ved start og 1100 meter på toppunktet. Rittet har lange stiparti og elles fine grusvegar i storslått natur rundt Synding-vatna og stølane som ligg her. Rittet har høg sosial profil, med mange ulike klassar og løyper. Her er det familieløype der ein nyttar delar av konkurranseløypa og ein kan velja ulike distansar, 11 km, 22 km eller 54 km. Rittrapport Jørund: Pga skifte av arbeid og mindre trening enn tidlegare år har rittkøyring vore nedprioritert i år. Men Valdresrittet hadde eg lova både meg sjølv og lokal «Valdresbas» Frank Mo at eg skulle køyre. So eg hadde ikkje noko val! Eg er so heldig at eg har vore ein del i område før, og har både sykla og gått ein del på ski i område, soleis kjenner eg terrenget, men ikkje løypa. Me fekk låna oss ei hytta og reiste på fredag både born og vaksne. Alle fire var påmeldt til ritt laurdag i ulike klassar. Været var perfekt, sol og skydekke og perfekt temperatur. Eg var fyrst påmeldt i pulje 4(!!), men Rune og Nikolai fekk overtalt meg om å stille i pulje 1. Det gjorde eg. Pulja var stor, truleg om lag 50-60 stk, og hadde sterk deltaking. I gruspartia ut frå start gjekk det fint for min del, ein del stress i feltet og alle skulle vera med framme osv. Eg tok det roleg å stressa ikkje. Eg visste det kom nokre bakkar før det fyrste terrengpartiet, og der køyrde eg meg fram til teten. Inn på fyrste lange sitparti var eg om lag fyrst, men det gjekk ikkje lang tid før eg var nesten sist! Det hompa og spratt og eg hadde skikkeleg problem med å halde fylgje. Det vart jaging på grus og i alle motbakkar, og eg klarde å hente inn att gruppa før toppen av løypa. Inn på neste lange stiparti var eg på nytt om lag fyrst, men vart endå meir fråkøyrt enn sist! Derifrå og til mål vart det solo-køyring! Kom meg inn på 1:56 var godt nøgd. Eit kjempefint ritt i fantastisk natur! Etterpå køyrde eg 11-kilometerløypa med borna og Nina. Me sendte ut Lars i eit tidleg brot og me andre la oss i feltet bak  Veldig fint opplegg! Eg vonar fleire tek turen nesteår!






Foto:Offroad Valdres

Etter to års rittpause var det spennande å gjere comeback på Valdresrittet. Etter litt skippertakstrening siste månaden følte eg formen var brukande og tenkte at rittet skulle gå ok. Men kjente tidleg at dette kom til å bli ein hard dag, høg puls og sure bein i dei fyrste småknekkarane ut frå start. I den fyrste skikkelige bakken før terrengpartiet måtte eg sleppe feltet og blei syklande for det meste åleine resten av rittet. Sjølv om rittet gjekk dårleg, var det kjekt å sykle i strålande vær og i ein nydelig trasé 🙂



Foto:Offroad Valdres

Valdresrittet 2017 I strålande vær tok ein solid bande frå VCK turen til Vaset for å sykla årets Valdresritt. Huslyden Rong stilte fulltallige, og Nikolai og eg stilte i bubil (Simon et al. vart diverre hindra pga. forkjøling). Farten ut frå start i elitegruppa var rimeleg frisk syns eg, og i dei fyrste småbakkane måtte i alle fall eg pressa ganske bra. Prøvde likevel å spara litt på krutet slik at eg kunne «gje alt» i den fyrste alvorlege bakken som går over i det fyrste og lengste stipartiet. Folk sykla frykteleg fort i starten på bakken, men eg heldt ørlite att. Då stigningsprosenten gjekk litt ned kom Geir Lien forbi. Eg la meg på hjul og han fliste av garde opp mot toppen. Trur me passerte 10 mann, og då stipartiet starta var me oppe på halen av frontgruppa (det var nokre mann som hadde 15 sek på oss). Det gjekk fort på stien også, så eg hadde nok me henga med. Sprakk opp i fire firargrupper, der eg var sist ut av stien. Med 20-30 mann mellom oss fire bakarste, eg sist og Geir Lien tredje sist, viste eg kva som gjaldt. Eg måtte få tak i hjulet hans. Det gjorde ilt, og det gjorde omtrent lika ilt å halda hjulet hans. Me fliste rundt vatnet i KOM-fart (6 km på grus), og då dagens siste alvorlege klatring opp til Sonjavarden starta, var me ei samla gruppe på ca. 16 i front. Eg hang betre med enn frykta opp bakken, men laut gje 15-20 sekund til ei femmargruppa (og ein del meir til teten). Trudde naivt nok at eg kunne henta inn nokre av dei, for resten av løypa er svært mykje sti. Køyrde hardt i 10-15 minutt på stiane etter bakken, men henta ingenting. Merka etter kvart køyret, og sykla aleina til mål i seig langturfart. Kom inn på 1t50 min, 5 min bak vinnaren. Alt i alt svært nøgd med både eiga sykling og rittet.

søndag 16. juli 2017

Jotunheimen Rundt og Sognefjellrittet

Fredag kveld 7. juli starta Jotunheimen Rundt i Lærdal, dette er eit knallhardt ritt på 430km og over 4600hm. Start i Lærdal, over Filefjell til Fagernes, over Valdresflya til Lom. I Lom går starten for Sognefjellritter på 137km, så er det over Sognefjellet som er løypas høgaste punkt før det stuper ned til Sognefjorden og inn til Marifjøra, der starter den siste stigningen før målgang i Sogndal.







Ein av VCK`s nye medlemmer, Ørjan Horvei sykla Jotunheimen Rundt med Vegard`s Krefttråkk, dei var ei gruppe på 20 syklistar som sykla Jotunheimen Rundt for å samla inn penger for å hjelpa kreftråka barn, dei har til no fått inn over 220000kr og det er fortsatt mulig å gi eit bidrag, imponerande innsats for ei flott sak.








I Lom stod Kjetil K.Isaksen på startstreken klar for Sognefjellrittet, korleis det gjekk kan du lesa i Kjetil sin rapport under bildet.











Sognefjellsrittet 2017
Vet ikke helt hva sogningene driver med, men denne ritthelga har virkelig blitt populær. Kanskje har flere skjønt at styrkeprøven ikke akkurat er en eksotisk naturopplevelse. Uansett, flere ryttere og det ble kjørt jevnt fra start. I kraftig motvind var det nesten umulig å komme fra, likevel gikk det i bra fart til bakkene braker løs. På toppen av Sognefjellet er vi oppe i 1400 moh. Denne stigningen går i to trinn. Opp første del er vi 7 prs som siger ifra. Rett bak oss ligger det en liten gruppe til. Jeg tar en lang føring i håp om en passelig stor gruppe som forhåpentligvis samarbeider bra. Denne gjengen er gira på å bidra, og vi kjører samlet opp til toppen. Moro å klare denne klatringa uten tenna i styretapen. Om jeg ikke er noen fjellgeit, har jeg hvertfall forbedret meg betraktelig. Det er godt å komme opp på høyeste punkt. Kun 4 grader og styrtregn legger en liten demper på den følelsen. Etter å dunket ned til Sognefjorden blir vi møtt med tørre veier og 12-13 varmegrader. Ble nesten applaus i gruppa. En falt av oppe på fjellet, ant nedkjølt. Sistemann Ulven forsvant utover fjorden. Så vi er 5 prs som går inn i siste stigning opp fra Marifjøra. Etter å fått varmen i kroppen kjenner jeg meg ganske bra. Siden det er motvind tenker jeg det er dumt å gå aleine. Bestemmer meg for å ta flere halvhjertet støt. Først og fremst for å unngå 4 prs jagende samlet bak. Opp mot toppen støter jeg skikkelig, så vi blir to prs over toppen. Vi kjører sammen ned til fjorden. Når det er en liten mil igjen går jeg til alt jeg klarer. Jeg forsøker å holde meg på 40 km/t i motvinden. Det klarer jeg ganske lenge og luka blir etterhvert relativt stor. Veldig moro å komme helt alene inn til Sogndal. Været ble også bra utover dagen, så stemninga i saftbygda var upåklagelig.



Me gratulerer Kjetil med nok eit flott resultat!